Kystfortet på Flygansvær

Kanonbrønn på Flygansvær
På Flygansvær, med utsyn heilt ut i havet, ligg restane etter eit av tyskarane sine forsvarsverk frå andre verdskrigen. Her er óg satt opp ein informasjonstavle som fortel ein del om området og kva som gjekk føre seg her.

Kystfortet på Flygansvær var ein del av den såkalla “Atlantikwall”, atlanterhavsvollen som tyskarane bygde under den 2. verdskrigen. “Vollen”, med sine forsvarsverk, strekte seg frå Frankrike i sør til ishavet i nord, og skulle hindra alliert landgang i dei okkuperte områda. I Noreg vart det bygd 280 kystfort, 30 av dei i Hordaland.

Bygginga av fortet tok til i mai 1941. Det var i stor grad dei tyske hærsoldatane som sjølv utførte arbeidet. På hausten 1941 måtte dei fastbuande på Øvre Flygansvær flytte og tyskarana tok over husa deira. Ved slutten av krigen var det 93 mann på fortet.

I dag beitar mjølkekyrne rundt betongkonstruksjonane, så om du tek ein tur rundt på området, hugs å lukke grinda etter deg.

Gravplassen på Hope

Gravminne på Hope
På vegen frå Hope til Hopssundet, inn ein liten stikkveg, ligg den gamle gravplassen på Hope. Den var lenge attgrodd, men friviljuge i området har dei siste åra rydda og restaurert plassen, slik at den i dag ligg som eit stemningsfullt minne om tidlegare tiders daglegliv på Reksteren. Det er sett opp ein informasjonstavle som fortel om dette.

Gravkart og protokoll er kome vekk, så vi veit ikkje kva tid den første gravinga på Hope kyrkjegard fann stad. Truleg var det i 1893. Då vart første dødsfall på Gjelland ført i kyrkjeboka for Tysnes.

11. oktober 1922 kan ha vore siste gong nokon vart graven på Hope. Då vart ei lita jente på knapt 4 veker frå Nordbø gravlagd. I følgje mora hadde ho pådrege seg lungebetennelse i den kalde Tysneskyrkja under dåpen, og kom ikkje over det.

Nøyaktig to månader seinare fann første gravinga på den nye kyrkjegarden i Grøna Vikjo på Bruntveit stad.