Skrudalsvatnet

Skrudalsvatnet
START og PARKERING: Turen går rundt Skrudalsvatnet på Hope, parkering er ved Thostølen langs fylkesvegen.
HØYDESKILNAD: 30-35 moh
LENGD og TIDSBRUK: Rundløype 3,5 km. omlag 1 time

Turen startar ved fylkesvegen på Thostølen. Følg stigen mot sør slik at du får Skrudalsvatnet på venstre side. Gå ned til vatnet og følg stigen omlag 500 m inn til rasteplassen.

Hald fram til botnene av vatnet og vidare til stigen kryssar elva og går over haugen og ned til Skrudalseidet.

Følg stigen vidare til Gamlestemmo. Der tek du til ventre og og følgjer fylkesvegen omlag 1,5 km attende til Thostølen.

Det finst fleire mogelegheitar til bading og fisking langs denne løypa.

Hopssundet

Hopssaga
START og PARKERING: Hopskrysset
HØYDESKILNAD: Ca 2 - 20 moh
LENGD og TIDSBRUK: Ca 4 km tur/retur, omlag 1 time

Følg den kommunale vegen mot Hopssundet. Langs vegen er det mogeleg med avstikkarar til den gamle gravplassen på Hope og den restaurerte Hopssaga.

Dette er ein lett tur langs asfaltert veg, og den kan og syklast - eller gjennomførast med barn i vogn.

Frøkedalsvatnet

Sein ettermiddag ved Frøkedalsvatnet
START og PARKERING: Ved Sør-Reksteren gravplass
HØYDESKILNAD: 30 - 35 moh
LENGD og TIDSBRUK: Rundløype 5 km, omlag ein og ein halv time

Turen startar frå den kommunale parkeringen ved Sør-Reksteren gravplass.

Gå omlag 1 km på fylkesvegen til utløpet av Frøkedalsvatnet. Der tek ein av frå vegen og følgjer merka stig om lag 1,5 km inn til botnen av vatnet. Herifrå går det ein avtikker til staden der det tidleg på 1900-talet vart mint etter gull.

Turen går vidare langs vatnet, inn i Veavikja og over Veamyra. Her er det berre å følgje merkinga, til ein krysser Frøkedalselva og tar til høgre på en kommunale vegen ned til Frøkedalskrysset. Derifrå er det kort veg attende til parkeringsplassen.

Det er mogelegheit for både bading og fisking fleire plassar langs denne turen.

Frøkedalsvatnet har ein stor bestand av småaure, som er særs biteviljug heile året.