Bruo over Bårdsundet
Overalt på øya går det traktorvegar og halvt gjengrodde stigar på kryss og tvers. Og hjorten har gjerne faste tråkk ein kan følgje om ein tek sjansen - kjem hjorten fram så kjem truleg du og fram, om enn det kan verte litt bratt no og då.

Fem turar er merkte og graderte etter nasjonal stanrd. Dei vil i løpet av 2012 få tavler med kart ved startpunkta og informasjon langs turstigane:

To fjellturar til dei to høgaste toppane på øya (Dalstuva og Gjøvågsfjellet) med flott utsyn både mot havet. innover mot Kvinnheradsfjella, nord mot Bergen og sør mot Stord og Sunnhordland.

Og tre "vandringar" i låglandet, rundt Frøkedalsvatnet, på Hope og rundt Skrudalsvatnet.

Ettersom Reksteren er ein blindveg, har me ikkje annan trafikk enn dei som bur eller har ærend her, og du kan difor sykle langt langs vegen utan å møte ein einaste bil. Dette gjer sykling ganske trygt òg for dei mindre syklistane, om du berre er litt varsam i dei trongaste svingane. Vegen buktar seg vakkert etter terrenget og bakkane er stort sett korkje lange eller bratte.

At det ligg til rette for badeliv på ei øy i den indre skjergarden seier seg sjølv, men og langs stigane rundt ferskvatna kan du finne mange fine badeplassar. Og gjerne litt høgare tamperatur i vatnet!

Reksteren er 37 kvadratkilometer med mogelegheitar – det er opp til deg korleis du vil nytte desse.