Historie

Gravplassen på Bruntveit
Me veit at det har vore busetnad på Reksteren i det minste frå bronsealderen, men truleg fanst det rekstringar lenge før det. Beskyttande skog og nærleik til sjøen både som ferdsleåre og matressurs gjorde øya attraktiv for dei tidligaste nordmenn.

Seinare har rekstringen freista å klare seg som best det gjekk, på ein blanding av jordbruk, fiske, skogsdrift og t d båtbyggjing. Seinare vart det vanleg å reise frå øya for å arbeide; som sjømann, fiskar eller i langtidspendling til Amerika. Både ungeflokk og gardsdrift vart då i periodar på opptil fleire år kvinnane sitt ansvar.

Men sjølv om dette førte med seg impulsar utanfrå, så var Reksteren som mange andre norske småsamfunn, i det daglege nokså lukka inne i seg sjølv.

Etter kvart kom fjordabåtane, og det vart mogeleg å kome seg til Bergen utan å segle - eller ro! Varer kunne enklare fraktast både til og frå, og opp mot midten av 1900-talet vart Reksteren langsomt eit meir moderne samfunn. Men ikkje meir moderne enn at organisert straumforsyning ikkje kom før rundt 1950 - då Bergen hadde hatt elektrisk ljos i meir enn 50 år. Likevel – utviklinga var undervegs.

Det var i denne perioden at bergensarar oppdaga Reksteren som feriestad. Strandsonelov fanst ikkje den gongen og dei grunneigarane som hadde attraktive nes å selje, kunne tene nokre hardt tiltrengte kroner på å selje tomtar til hyttebyggjararar.

På slutten av 1950-talet vart fjordabåtane avløyste av ferjer og det vart enklare å transportere både personar, bilar og gods til øya.

Så, i 1977 vart det bygd bru over Bårdsundet og Reksteren var for første gong "landfast" med resten av kommunen. Frå denne dagen vart Reksteren meir ein integrert del av Tysnes kommune.

I siste halvdelen av 20. hundreåret har utvikling av infrastruktur og kommunikasjonar, utdanning og levevis viska vekk mykje av skilnaden på by og land. Me har riktignok ikkje pubar og varehus, men me har i dag betre fiberkabel enn mange bystrok.

Og dersom planane om Kyststamveg over Reksteren og bru over Bjørnefjorden til Os vert ein realitet, vil reisetida frå denne grøne øya til arbeidsplassane i Bergen-Sør (og flyplassen på Flesland) gå ned frå 100-120 minutt til 25-35 minutt. Det er kortare tid enn det tek frå Åsane i Bergen.

Det kan føre med seg ei omveltning som er større enn noko som tidlegare har skjedd i Reksteren si soge.