Natur

På tur i klassisk reksterterreng
Det er som, nemnt ikkje noko spektakulært med naturen på Reksteren - ingen kjempestore fossar, dramatiske fjellsider, ruvande isbrear eller djupe, milelange fjorder.

Reksteren er berre trettisju kvadratkilometer med klassisk vestland: Bratte koller med myrer og jorder innimellom, små fiskevatn, svaberg og lune viker. Tette furuskogar og endå tettare brakekratt, ispedd lauvskog og grasmarkar gjer Reksteren til ein grønkledd øy.

Og terrenget på Reksteren har stor variasjon innanfor eit eit lite område: Høge svaberg mot vest der havstormane haust og vinter kan drive opp store dønningar; småkupert terreng med marker, vatn og lauvskog mot nord, bratte, tettvokste koller mot sør og aust - og med to rimeleg høge utsiktspunkt: Dalstuva og Gjøvågsfjellet.

Og sjølvsagt den buktande kystlina, og øyer og holmer mot Søreidsfjorden og Bårdsundet.

Så om Reksteren ikkje har dei store attraksjonane, så har me eit stort nok stykke vestland i miniatyr.

Og ikkje minst - som kan opplevast i ro og fred: Det vil aldri verte køar langs skogsvegane på Reksteren.

Dyreliv

Ein nysgjerrig mår
Det er med dyrelivet på Reksteren som med naturen elles - ingen store sensasjonar.

Men jammen er kronhjorten imponerande nok om du treffer han i skogen - eller møter kolla når ho, saman med ein eller fleire kalvar, krysser vegen eller beiter på innmark i skumringen.

Havørnen heng helst nokså høgt på vindane over Dalstuva, men sjølv på langs avstand er det lett å sjå at dette er ein imponerande skapning.

Måren og reven fer overalt. Måren oftast godt skjult, kjapt ut og inn mellom steinane, gjerne i sjøkanten på jakt etter eit måltid fisk. Mens reven ofte rusler freidig langsetter kommunevegen om det skulle vere det enklaste.

Hegren står i vannkanten og fiskar både i ferskvann og saltvann, orrfuglen gjøymer seg i lyngen oppover mot snaufjellet og mindre rovfuglar hekker i dei bratte furuskråningane. Uglen ser du neppe, men om kvelden er det ikkje vanskeleg å høyre at han er der.