Folk

Busetnaden på Øvre Haukfær og Åse
Mindre enn 200 menneske bur fast på Reksteren. Dei er spreidde over heile øya, frå Sunde i sør til Kaldafoss og Eldholm i nord, og er i dag ein blanding av folk som er fødde og har vakse opp her, og ein del som har flytta hit, anten fordi dei har funne arbeid her, eller som kom hit fordi dei likte det Reksteren kan by på av opplevingar og har teke med seg arbeidet sitt - eller skapt sin eigen arbeidsplass her.

Om sommaren aukar folketalet monaleg, kanskje opp mot det tidoble i den travlaste ferietida. Mange av desse er folk med røter på øya, som kjem "heim" i ferien, ein god del er byfolk som er så heldige å eige ein av dei mange hyttene som dei siste 60 - 70 åra er bygde både ved sjøen og i skogen, og nokre er utlendingar som leiger seg inn hos dei som har husvære å tilby.

Det finst ein del verksemder på øya. Den største er Rex Star Seafood som driv med vidareforedling av laks og aure. Elles er det m a eit smoltanlegg, ein mindre vindusfabrikk og eit anlegg for produksjon av hundemat. Og sjølvsagt ein del sjølvstendig næringsdrivande; handverkarar, entreprenørar o.l., som ofte kombinerer dette arbeidet med deltidsjordbruk.

Det finst nokre få fulltids gardsbruk, men mange driv i mindre skala med mjølkeproduksjon, stutar, sau eller villsau, skogsdrift osv - attåt annan inntekt.

Mange må ut av øya for å arbeide, anten til sentrale delar av kommunen, til andre kommunar eller ut i Nordsjøen. Men dette er ikkje nytt for rekstringen - heilt sidan mogelegheitane baud seg på 1800-talet har han arbeidd på båtar i både nære og fjerne strok, reist på fiske og mellom 1880 og 1940 - pendla til Amerika.