Stacks Image 40
Reksteren er nest største øya i Tysnes kommune, rett sør for Bergen. Den ligg vest for Tysnesøya, ut mot Austevoll og havet.

Øya sitt flatemål er 37 kvadratkilometer, så me har rikeleg plass til både fastbuande og gjester. Og me tek gjerne imot fleire i begge kategoriar. Me vil gjerne ha folk på vitjing, og tilflyttarar er velkomne.

Men me lyg ikkje:

Me har ikkje hundre meter høge fossefall, glitrande brear, endelause sandstrender, eksotiske dyr i parkar, eller badeland. Skal du oppleve slikt, må du reise ein annan plass og stå i kø i lag med alle dei andre.

Men om du meiner variert vestlandsk natur, med innslag av kulturlandskap og spor av soga frå dei siste to-tre hundre åra er ei oppleving i seg sjølv, og om du tykkjer det er eit gode - i alle fall for ein stund - å kunne vere heilt fri frå den urbane forureininga; støy, støv, arbeidsstress, bilkøar, overfylte kjøpesentre, og alt det andre:

Då er Reksteren ein plass du godt kan gjere deg nærare kjend med.

Denne nettstaden er laga og vert halden vedlike på friviljug basis og me kan ikkje garantere at du får svar på alt, eller at sidene alltid er hundre prosent oppdaterte på alle opplysningar. Men me lovar å gjere så godt me kan.