Kommunikasjonar
Stacks Image 240
Det er ikkje til leggje skjul på at det er vanskeleg å klare seg på Reksteren utan eigen bil.

Skuleungdommar vert frakta til Uggdal og Våge (og Os) med buss eller skyssbåt. Desse rutene tek òg med seg vanlege passasjerar.

Dessutan går det buss til Våge nokre dagar kvar veke, og frå Våge om ettermiddagen kvar dag.

Desse rutene vert gjerne endra kvart år, og det einaste sikre er å sjekke sidene til Skyss for oppdatert informasjon.
Infrastruktur
Stacks Image 48
Hovudvegen til Reksteren, og på Reksteren, følgjer terrenget rundt knauser og over koller slik norske bygdeveger gjer.

Men fordi Rex Star Seafood må sende frå seg trailarar med laks, er vegen monaleg betre, og med betre vedlikehald enn mange andre vegar til små bygdesamfunn.

Stikkvegar, asfalterte og grusa går frå hovudvegen og ut dit det finst busetnad.

Og kanskje det viktigaste av alt i dag: I stolpane til kraftlaget heng ein heilt ny fiberkabel, som skaffer førsteklasses breiband til nær sagt alle som vil ha det, slik at dei som vil i dag har høve til å fjernarbeide frå heimekontor på Reksteren.
Butikk
Stacks Image 11
Det finst ein butikk på øya - Bruntveit Handel. Den ligg som namnet fortel på Bruntveit, om lag midt på Reksteren.

Den er ikkje stor, men har det du treng, og held ope alle vekedagar, men med litt kortare opningstid dei første dagane i veka.

Kvar torsdag heile året køyrer dei varer til den som treng slik service - eller som bare vil gjere det enkelt for seg sjølv.

I sommarmånadene er opningstida utvida.

Butikken fungerar óg, ikkje minst om sommaren, som eit møtepunkt ein lokal informasjonssentral.
Lagsliv
Stacks Image 32
På Reksteren er det både idrettslag og ungdomslag, eit bedehuslag knytt til huset på Sør-Reksteren, eit husmorlag og ein velforeining.

Med mindre enn 200 innbyggjarar er naturleg nok tilgongen på styremedlemer og dugnadsarbeidarar begrensa, og det må seiast at aktiviteten i laga går litt i rykk og napp.

Men ungdomshuset vert halde i hevd og nyttast til tilskipingar av ymse slag, idrettslaget arrangerar turar og trimopplegg, bedehuslaget tek seg av bedehuset på Sør-Reksteren og tilskipingar der og velforeininga samarbeidar med andre bygdelag og kommunen om tiltak til beste for folket i kommunen og dei einskilde bygdene.

På sentrale plassar på øya, og utanfor butikken, finst oppslagtavler der det vert informert om arrangement av ymse slag.