Bruo over Bårdsundet
Det er ikkje vanskeleg å orientere seg på Reksteren.

Hovudvegen går frå bruo over Bårdsundet i sør til Kaldefoss, Eldholm og Vernøy i nord (med nokre små avstikkarar og ei og anna retningsendring) - i alt om lag 25 km.

Reksteren er som mange andre bygder og distrikt i utkant-Norge - me har vanskar med å halde oppe busetnad og tenesteyting. Men med reisetid på om lag halvtimen til kommunesenteret i Uggdal, brukbar veg og daglegvarer på Bruntveit er det absolutt til å leve med.

Storsamfunnet diskuterer no om den framtidige Kyststamvegen kanskje skal gå over Reksteren, med bru til Halhjem - ein gong om 15-20 år.

Kva som vil skje i framtida er det ingen som veit.

Kanskje vert Reksteren ein eksklusiv plass å bu for folk med arbeid i Bergen-Sør?

Eller - om Kyststamvegen kjem på austsida av Tysnesøya - truleg ei ferieøy for dei som er så heldige å ha eit fritidshus her.

Uansett vil Reksteren i lang, lang tid ha kvalitetane sine intakte.