Bruo over Bårdsundet
Etter at me nå har skrytt slik av Reksteren, skulle ein kanskje tru at me står klare med hus eller tomtar til å ta imot dei som kunne tenkje seg å bu her - fast eller i ferien. Det gjer me diverre ikkje - denne nettstaden har ikkje kapasitet til å drive boligformidling. Men dette er det me veit om:

To område, på Gjelland og på Svarvhella, er regulerte for hyttebyggjing.

På Gjelland er det planlagd i alt 32 feriehus, og byggjestart er sett til våren 2013. Meir informasjon kan du få hos Atle Andersland, 53 43 05 04 / 95 21 28 29, eller via epost: atle@andersland-bygg.no

På Svarvhella er ein i planleggjings- og godkjenningsfasen for ein god del nye feriehus. Utbyggjar kan førebels ikkje seie noko om omfanget - eller oppstart for prosjektet.

Og den nye kommuneplanen legg opp til ein del hustomtar, båtplassar m v.

Har du spørsmål om utviklinga på Reksteren, kan du freiste å spørje ock@reksteren.no

Om du vil leige husvære for kortare tid, kan du søkje deg fram via desse formidlarane av feriehus:

tysnes.com

interchalet.com

dancenter.com

reksteren-gamle-skulehus.com