Ut i naturen

Stacks Image 31
I Noreg er me privilgerte som har den såkalla Allemannsretten - kvar og ein kan fritt bevege seg i utmarka, og nytte og hauste det dei finn der.

Og på Reksteren er det utmark nok til alle.

Hugs berre at denne retten du har til å nytte annan manns eigedom òg inneber at du har det me kan kalle ei "allemannsplikt" – andsynes både naturen og grunneigarane. Og andre som vil nytte denne eineståande retten.

Denne plikta kan enkelt formulerast slik: Du skal forlate landskapet slik du fann det - slik at naturen ligg like urørd og innbydande for den neste som kjem. Og for dei generasjonane som kjem etter oss.

Og når du i blant kjem nær innmark og busetnad, skal du sjølvsagt ta omsyn til både husdyr og dyrka mark. Og ikkje trengje deg på dei som bur der. Hugs at det er eigarane og forferdane deira som let deg nytte denne utmarka som tumleplass - heilt utan kostnad.

Det viktigaste utstyret for å bevege seg rundt på Reksteren er godt fottøy. Det finst vel ikkje den stigen som ikke, sjølv i tørre sommerperiodar, går gjennom ei myr eller langs eit bekkefar - fottøy som toler vatn er nærast ein føresetnad om du går vekk frå hovudvegen og dei tørraste skogsvegane.

Og det turkartet over heile Tysnes du kan kjøpe i i butikken på Bruntveit eller hos Turistinformasjonen i Våge, kan vere ein god følgjesvein.

Ein ting som kan vere verd å hugse, er at mobildekninga på ein plass som Reksteren kan variere mykje. Så du kan ikkje lite på alltid å få kontakt med omverda gjennom telefonen.