Fiske og matauk

Stacks Image 31
Sjøfiske er naturlegvis fritt frå kvart eit nes og kvar ei bryggje - og frå båt om du har ein.

Men òg i ferskvatna finst det fisk.

Denne ressursen er i utgongspunktet eigedomen til grunneigarane, men langs turstigane rundt både Frøkedalsvatnet og Skrudalsvatnet kan du fiske fritt, og stigane går fleire stader heilt ned mot gode fiskeplassar langs vatna. Auren er mest liten, og dei minste slukane er dei beste.

Kva tid auren vil bite veit berre auren, men grytidleg morgon og i skumringstida er gjerne det sikraste.

Berre sjå til at du ikkje går eller plasserer deg slik at du sjenerar dei som eig rettane eller bur i området.

I skogen finn du sopp og bær av ymse slag. Kantarellen, traktkatarellen og piggsoppen er lett kjennelege. Steinsopp og rødskrubb kan ein òg finne, men desse kan forvekslast med giftige arter, så her må du vere varsam om du ikkje har gode kunskapar - eller gode veiledarar!

Dei første bæra som kjem er gjerne markjordbæra. Så går det slag i slag med villbringebær, blåbær, bjørnebær og tytebær.

Hjorten har no vorte så talrik at problema med øydelagd skog og innmark veks for kvart år, og det vert skote mellom 100 og 150 dyr kvar haust, mestedelen av grunneigarane sjølve og gode naboar.